
Om riksvalstyret
Riksvalstyret er eit organ som blir nemnt opp av Stortinget etter kvart stortingsval. Riksvalstyret handsamar klager ved val.
Riksvalstyret skal ha møte 24. juni for å handsame innkomne klager.
Stortinget nemner opp eit riksvalstyre med fem medlemmer etter kvart stortingsval. Leiaren og to andre medlemmer skal vere dommarar.
Medlemmer av regjeringa, representantar og vararepresentantar til Stortinget, medlemmer og varamedlemmer av kommunestyre og fylkesting, statssekretærar og politiske rådgivarar i departementa og på Stortinget kan ikkje bli nemnde opp som medlemmer i riksvalstyret.
Riksvalstyret sit i fire år frå 1. januar det andre årsskiftet etter stortingsvalet, og skal utføre sine oppgåver sjølvstendig og uavhengig av Stortinget.
Riksvalstyret handsamar klager ved val til Stortinget, val til fylkesting og val til kommunestyre.
Kommunal- og distriktsdepartementet skal nemne opp eit sekretariat for riksvalstyret. Sekretariatet er uavhengig i sitt arbeid med å førebu saker for riksvalstyret.